Velkomen til Odda O-lag si heimeside

Resultat Oddaranking 6 på Løyning og samanlagt
Det siste løpet i Oddarankingen i 2024 vart arrangert på Løyning i oktober med ein mellomdistanse. Harald Solheim Eide var raskast i A-løypa foran storebror Sindre. Hos damene vann Åshild Oma foran Marion Ryen. Sigurd Oma Løyning og Lene Engen Igeltjørn var best i B-løypa.

Samanlagt var Harald Solheim Eide suveren med maks poengsum på 4.000 poeng på dei 4 beste løpa. På plassane bak følgde Ottar Eide og Svein Buer. I dameklassen vann Marion Ryen foran Ranveig Oma Løyning og Åshild Oma. Hos gutane i B-løypa var det spenning til siste slutt, og Sigurd Oma Løyning trakk til slutt det lengste strået og slo Vegard Solheim Eide med 40 poeng  (tilsvarnde 2 minutt i løpstid). 

Oddaranking 2024
Vi står no foran siste løp i Oddarankingen, og det er spenning i alle klassar. I dameklassen står det mellom Rannveig Oma Løyning og Marion Ryen om samanlkagtseieren. Marion ledre foran siste løp. men Rannveig har 3 seirar og vinn samalagt om ho gjer det bra i siste løp på Løyning. I herrklassen har Harald Solheim alt vunne, medan det er hard kamp mellom Ottar Eide, Svein Buer og Eivind Tokheim om dei to andre pallplassane. I H13 B leder Vegard Solheim Eide med 17 poeng på Sigurd Oma Løyning. Sigurd må slå¨Vegard med minst 3:12 i siste løp for å ta seieren. (25.09.24 kl 21:45)

Sprintcup i Jondal
Sprintcupen holdt fram i Jondal Sentrum, 23. og 24.04.24. I herreklassen gjentok Sigbjørn Guddal seieren frå 1.løp, og var 2,5 minutt foran Audun Ryen. På ein gledeleg 3.plass kom 13 år gamle Vegard Solheim Eide. I dameklssen vann 17 år gamle Ranveig Oma Løyning 21 sekund foran Marion Ryen. Totalt stilte 43 løparar i Jondal, og det var hyggeleg at 10 unge jondøler prøvde seg i løypene.  Resultata finn du på resultatsida. (24.04.24 kl 22:50)

Sprintcup i Odda Sentrum
Det første løpet i Sprintcupen vart arranger i Odda Sentrum 16. og 17.04.24. I herreklassen var det ungdomen som dominerte, og 17 år gamle Sigbjørn Guddal vann sitt første treningsløp 30 sekund foran eitt år ynge Harald Solheim Eide, som var 17 sekund foran storebror Sindre. I dameklassen var Marion Ryen ein klar seier. Resultata finn du under resultatfana. Totalt stilte 33 deltakarar i løpet.

Oddaranking i Skare
Det var Oddaranking i Skare 18. og 19.mai, og det var gledeleg med heile 44 deltakarar på den første skikkelege skogsorienteringa i år. I herreklassen hadde Robert Tokheim ein gjesteopptreden, og vann likegodt 6 mnutt foran Sindre Solheim Eide. I dameklssen vann Ranveig Oma Løyning nesten 8 minutt foran Jessica Holmback. I C-løypa var det uheldigvis feil kode på ein post, men det vart jevnt mellom Vegard Solheim Eide, Emil Øyre og Sigurd Oma Løyning. Resultatat finn du under fana resultat. (19.05.22 kl 21:25)

Sprintavslutning i Odda Sentrum
Sprintcupen vart avslutta i Odda Sentrum denne veka. Sindre Solheim Eide tok sin tredje strake seier med bror Harald på 2.plass og Bernt Jarle Storhaug på 3.plass. I dameklassen vann Åshild Oma foran Karina Solheim Øyre oh Jessica Holmbak. Totalt stilte 27 deltakar. (11.05.22 kl22:50)

Skogssprint i Hovden
Treninga heldt fram med skogssprint i Hovden med tett mellom postane om mange vegval. Sindre Solheim Eide held fram med seier, men måtte denne gangen dele den med broren Harald. Bernt Jarle Storhaug sikra den 3.pallplassen. Hos damene var denne gangen Karina Solheim klart best med Ranveig Oma Løyning og Lene Engen Igeltjørn på 2. og 3.plass. Totalt stilte 30 deltakar i Hovden. (05.05.22 kl 09:30)

Sesongstart i Jondal
Det vart ein fin sesongstart med sprintløp i Jondal. Det var kjekt å prøva orientering på ny plass. I A-løypa vann Sindere Solheim Eide foran Bernt Jarle Storhaug og broren Harald Solheim Eide, Hos damene var Ranveig Oma Løyning best foran Karina Solheim Øyre og mora Åshild Oma. Resultatat finn du under resultat 2022. (30.04.22 kl 23:10)

Bernt Jarle Storhaug og Marion Ryen vann Oddamesterskapet
Bernt Jarle Storhaug vann Oddamesterskapet i orientering knapt 2 minutt foran Eivind Tokheim og ve 2 minutt foran Arve Løyning. I dameklassen vann Marion Ryen klart foran Åshild Oma. I B-løypa vann Marit Igeltjørn foran Ranveig Oma Løyning hos damene, medan Arne Hilde og Harald Solheim Eide var dei to beste i herreklassen. Oddamesterksaptee vart arrangert i flott terreng i Hildalsdalen, og det var gledeleg med 38 deltakar totalt. Resultata finn du på resultatfana. ((12.05.21 kl 22:35)

Resultat sesongstart

Etter 3 veker med trening har vi fått avvikla 2 Oddarankingløp og 3-kamp i Hovden. Blant damene Har Marion Ryen slått til med seier i alle 3 løpa (i 3-kampen på 2.plass totalt). Sindre Solheim Eide har vunne Oddaranking 2 og 3-kamp, medan Erlen Rosseland vann den første Oddarankinga. I B-løypa har Ranveig Oma Løyning også vunne alle 3, medan Harald Solheim Eide og Arne Hilde har kvar sin seier i Oddarnankinga. Denne veka er det Oddamesterskap i Hildalsdalen. Resultata finn du under resultat 2021 (12.05.21 kl 08:15)

Oddamesterskap og Oddaranking
Oddamesterskapet i orientering vart arrangert i august i løyper frå Odda 2-dagars (og med dei Oddaløparane som sprang). Best tid av alle fekk damevinnar Gerd Inger Legård som var 16 sekund raskare enn herrevinnar Svein Buer. Nr 2  vart Marion Ryen og Arve Løyning. I B-løypa vann Karina Solheim Øyre og Arne Hilde. I Oddarankinga veka etter vann igjen Svein Buer, medan Marion Ryen var best i dameløypa. I B-løypa vart det seier til Ranveig Oma Løyning. Resultatlista ligg på fana resultat (08.09.20 kl 22:30)

Oddaranking ved Lontjørn
Den korte vårsesongen vart avslutta med rankingløp på Lontjørn Skistadion denne veka. Hos herrene var det hard kamp om dei fremste plassane. Jostein Skare Thygesenvar raskast med Svein Buer 1:42 bak og 15 åringen Sindre Solheim Eide 1:58 bak. Hos damene vann Marion Ryen 2:42 foran Ingvild Skare Thygesen. I B-løypa var damene raskast. Marit Igeltjørn var 1:02 foran 14 årige Karina Solheim Øyrene. Hos gutane var Harald Solheim Eide best. I nybyrjarløypa stilte 13 løparar, og totalt var det 29 deltakarar. Det vart to kjempelflotte kveldar med varmt og fint vær og bedeliv i Lontjørn etter løpet (17.06.20 kl 22:55)

Oddaranking i Skare
Då var vi endeleg i gang med treningssesongen i 2020. Vi har hatt Oddaranking i Skare med heile 65 deltakar, der det var gledeleg mange frå Skare som stilte opp. Totalt prøvde 47 løparar seg i Nybyrjarløypa, i tillegg bruker dei løypa i skulen i Skare. I A-løypa sesondebuterte Svein Byer med seier, og med ein gledelg 2.plass til løpssterke Sindre Solheim Eide. I dameklassen var Åshild Oma best. I B-løypa debuterte Ørjan Nondal med seier i herreklassen, medan Karina Solheim Øyre vann dameklassen foran Lene Engen Igeltjørn, med nest og tredje beste tid i løypa. Resultata finn du under fana med resultat. Treninga fungerte fint med omsyn til smittevernstiltaka, og løparane fordelte seg bra utan store oppsamlinga av folk dei to dagane

Oddaranking 2019

Oddarankinga vart avslutta med løp på Korlevoll i midten av september. I herreklassen vann Eivind Tokheim klart foran Sindre Solheim Eide og Arve Løyning. Eivind klatra også til topps i samandraget, men her er det gledeg med 2.plass til Johannes Solheim Øyre (16 år) og 3.plass til Sindre Solheim Eide (14 år) foran eit kobbel av veteranløparar. I dameklassen vart det seier til Åshild Oma. I samndraget vart det seier til Marion Ryen, 2.plass til Britt Kari Legård og 3.plass til Åshild Oma. I C-løypa vart det seier til Ranveig Oma Løyning og Harald Solheim Eide, og begge gjekk til topps samanlagt med full poengpott på 4.000 poeng. (21.09.19 kl 12:35)

Oddaranking i KM-løypene
Det vart arrangert Oddaranking i mellomdistanseløypene som vart brukt i helga. Det vart seier til Stine Bjørkevoll g Eivind Tokheim. Det vart tett i toppen i dameklassen og det skilte under 5 minutt mellom dei 4 beste. I herreklassen var det gledelg med 2.plass til Johannes Solheim Øyre og 3.plass til Sindre Solheim Eide, som var langt foran veteranløparane. I C-løypa vart det seier til Harald Solmeim Eide og Karina Solheim Øyre like foran Rannveig Oma Løyning (28.08.19 kl 23:40)

Marion Ryen og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet
Det vart seier til Marion Ryen og Eivind Tokeim i Oddamesterskapet. Marion var 1,38 foran Britt Kari Legård, og dei to hadde nest beste og 4.beste tid totalt i A-løypa. Eivind var 46 sekund foran Svein Buer. I C-løypa vart det seier til Harald Solheim Eide 6 sekund foran Einar Hansen, medan vinnar hos jentene Rannveig Oma Løyning berre var 11 sekund bak Harald. Totalt stilte 30 løparar opp i Oddamesterskapet, som vart arranger i fint og krevande terreng i Løyningsdalen. (12.06.19 kl 22:10)

Svein Buer og Britt Kari Legård best i Oddaranking
I det tredje Oddarankingkløpet fekk vi nye vinnarar i A-løypene. Svein Buer sesongdebuterte med seier knapt minuttet foran Erlend Rosseland. Det vart ein svært flott 3.plass til 14 år gamle Sindre Solheim Eide. I dameklassen slo Britt Kari Legård Mation Ryen med over 7 minutt. I C-løypene vart det seier til Einar Hansen og Rannveig Oma Løyning. I samandraget er det ingen endingar, men det tettar seg til i fleire klassar. (06.06.19 kl 23:05)

Marion Ryen og Erlend Rosseland best i Oddaranking
Marion Ryen var beste dame i det andre rankingløpet som vart arrangert på Fodnastøl. Ho var 1.15 foran Britt Kari Legård, og dei to vart berre slått av Erlend Rosseland og Bernt Jarle Storhaug av herrene. I C-løypa var Arne Hilde og Ranveig Oma Løyning klasevinnarar. Totalt var det 33 deltakarar med på rankingløpet. I samandraget er det Marion Ryen og Erlend Rosseland som er best i A-klassane, medan Ranveig Oma Løyning og Harald Solheim som er best i C-klassane. (22.05.19 kl 23:10)

Folksomt i Hovden
Det vart ei kjekk avslutning av sprintcupen i Hovden denne veka, med totalt 85 deltakarar. Barnas Turlag sin kveldsmattur var lagt til Hovden tirsdag, og det stilte ca 45 opp frå desse. I sjølve løpet vart det seier til Marion Ryen og Bernt Jarle Storhaug i A-løypa. I C-løypa var Harald Solheim Eide og Emile Solheim Øyre dei to beste. Samanlagt i sprintcupen skiller Marion Ryen og Harald Solheim Eide seg ut med seier i alle løp og 1,000 poeng samanlagt (300 for kvar seier og 100 bonuspoeng for å vera med på alle 3 løpa). I herreklassen gjekk seieren til Erlend Rosseland med 965 poeng, medan Bernt Jarle Storhaug fekk 948 poeng. I C-løypa for jenter vann Rannveig Oma Løyning suverent samanlagt med 952 poeng. Resultat frå løpet i Hovden ligg på resultatfana og samanlagt på Oddaranking-fana (11.05.19 kl 07:25)

Erlend Rosseland og Marion Ryen best i skogsprint
Erlend Rosseland og Marion Ryen var dei klart raskaste i skogssprinten på Storaneset på Strand denne veka. Erlend var 2 minutt foran Svein Olav Nesheim, medan Marion med nest best tid totalt var 7 minutt foran Amanda Forstrøm. I C-løypa var Harald Solheim Eide og Ranveig Oma Løyning dei to raskaste. Totalt stilte 35 løparar på løpet denne veka. Sprintcupen vert avslutta i Hovden 7. og 8.mai. (02.05.19 kl 20:45)

40 med i sprintcup
Det vart ein fin sesongstart med 40 løparar i det første løpet i sprintcupen med løyper frå Odda Ungdosskule og opp i Rødna. Sprintkongen Bernt Jarle Storhaug var igjen best, med lokalkjente Erlend Rosseland i eit hyggeleg come-back på 2.plass. Mest gledeleg var det sterke løpet til Sindre Solheim Eide på 3.plass, Hos jentene var kondisjonssterke Marion Ryen over 2 minutt foran BRitt Kari Legård på den totalt 4.beste tida. I C-løypa var Harald Solheim Eide og Marit Igeltjørn dei to beste. Neste løp vert ved Storaneset på Strand, der det blir sprint i meir skogsterreng. (27.04.19 kl 12:40)

Spennande i rankingfinalen
Det vart ein spennande rankingfinale med mange tette duellar på Seljestad denne veka. I herreklassen vann Svein Buer berre 12 sekund foran Ottar Eide, og Eivind Tokheim vel minuttet bak Ottar. På ein gledeleg 4.plass kom 15 år gamle Johannes Solheim Øyre foran ein gjeng med veteranløparar. I dameklassen vann nok ein gang Marion Ryen, men var berre vel 2 minutt foran Åshid Oma. Marion og Svein vann Oddarankinga med maks poengsum på 4.000.  Det vart 2.plass til ekteparet Åshild Oma og Arve Løyning. I C-løypa var igjen ungjentene Karina Solheim Øyre og Ranveig Oma Løyning dei to raskaste, beste i guteklassen var Einar Opedal. Samanlagtseieren gjekk til Ranveig Oma Løyning og Arne Hilde. Totalt stilte 36 løparar til start i rankingfinalen i flott og varmt vær. (06.09.18 kl 22.40)

Marion Ryen og Svein Buer suverne i rankingløp
Marion Ryen og Sven Buer var suverene i det 5 rankingløpet som vart arrangert på Seljestad i slutten av august. Marion var vel 9 minutt foran Sara Tokheim, medan Arve Løyning var vel 5 minutt bak Svein Buer. Ranveig Oma Løyning var raskast i C-løype, og Arne Hilde var best av gutane. Det er no klart til det siste Oddarankingsløpet. I damelassen har Marion Ryen alt vunne med maks poengsum på 4.000 poeng. I herreklassen leier Arve Løyning 71 poeng foran Svein Buer, men Svein har eit mykje dårlegare resultat han kan stryka, og er favoritt til samanlagtseieren. Bak frå kan også Bernt Jarle Storhaug blanda seg inn i tetkampen med berre 3 tellande løp så langt. I C-klassen for jenter har Ranveig Oma Løyning alt sikra seg samanlagtseieren foran Karina Solheim Øyre. I guteklassen er det tett mellom 10 år gamle Harald Solheim Eide og veteranen Arne Hilde, der Harald lese med 59 poeng før siste løp. (03.09.18 kl 22:10)

Marion Ryen best i Oddamesterskapet
Marion Ryen imponerte i Oddamesterskapet på Løyning denne veka, og var 2 minutt foran vinnaren av herreklassen Arve Løyning. Åshild Oma og Amanda Forstrøm vart nr 2 og 3, og vart berre slått av to herrer. I herreklassen vart det sekundstrid med Arve Løyning 5 sekund foran Ottar Eide. Svein Buer hadde best tid, men mangla godkjent stempling på ein post. I C-løypa var Rannveig Oma best, medan Torbjørn N Hansen hadde best tid av gutane. Løparane hadde bra vær begge dagar, og totalt stilte 37 løparar opp på mesterskape,t og koste seg med grilling etter løpet. (16.06.18 kl 22:50).

Postplukk på Lontjørn
Det var 2 varme og flotte dagar med postplukk på Lontjørn denne veka. Ingen klarte alle postane innan tidsfristen på 50 minutt. Best var Eivind Tokheim med 68 poeng av 76 oppnåeleg, mangla 2 postar og 5 poeng tidsstraff. Arve Løyning var nestbest med 58 poeng. Best av ungdomane var Sindre Solheim Eide og Johannes Solheim Øyre med 45 poeng. Totalt stilte 35 løparar på trening, løypeleggarar var Britt Kari Legård og Svein Olav Nesheim (31.05.18 kl 00.45)

Svein Buer og Åshild Oma best i Skare
Svein Buer var suveren i rankingløpet i Skare denne veka, og var nesten 8 minutt foran Ottar Eide. Åshild Oma var vel 3 minutt foran Ida Solheim Eide i dameklassen. Samanlagt etter 2 løp er Åshild i klar tet i dameklassen, men berre 12 poeng skiller Kjetil Rønhovde, Johannes Solheim Øyre og Svein Buer i herreklassen. I C-løypa var Karina Solheim Øyre og Arne Hilde dei to raskaste. Karina leier klart samanlagt hos jentene, medan Harald Solheim Eide leier hos gutane. Totalt var det med knapt 40 løparar i Skare i det flotte sommarværet. (24.05.18 kl 10:55)

Resultat Oddaranking etter sprintcup
Det 3.sprintløpet vart arrangert på Eide sist veke, og både Bernt Jarle Storhaug og Marion Ryen tok sin 3.seier, og fekk full pott med 1.000 poeng. I C-løypa vann denne gongen Karina Solheim Øyre foran Rannveig Oma Løyning, som leier Oddarankinga. Blant gutane tok Harald Solheim Eide sin 3.seier.Totalt stilte 66 løparar på denne siste sprinten. Resultat og samanlagtresultat ligg på sine faner. (15.05.18 kl 07:30)

Bernt Jarle Stoaug best i sprintløp nr 2
Bernt Jarle Storhaug slo tilbake og var best av alle i sprint.cup nr 2 i Odda Sentrum, og var 2 minutt foran Arve Løyning. Marion Ryen vann dameklassen 2,5 minutt foran Hildegunn Espe, I C-løypa var Ranveig Oma Løyning og Harald Solheim Eide raskast. 45 løparar stilte til start denne veka. Resultata ligg på resultatsida. (26.04.18 kl 11.40)

Marion Ryen best i sprintløp
Marion Ryen var best av alle i første løp i sprint-cupen i sentrum denne veka, og var nesten 3 og 4 minutt foran Britt Kari Legård og Hildegunn Espe i dameklassen. Desse 3 var inne blant topp 5 i A-løypa. Bernt Jarle Storhaug vann herreklassen 6 sekund bak Marion, og hadde Kjetil Rønhovde vel 2 minutt bak og Mika Pätäje vel 4 minutt bak. I C-løypa var også jentene raskast med Ranveig Oma Løyning og Karine Solheim Øyre raskast. Harald Solheim Eide var raskast av gutane. Totalt stilte 48 løparar opp på sprintcupen, i tillegg var 2 klassar på Idrettslinja gjennom løypene på dagtid. Resultata ligg på resultatsida.(19.04.18 kl 19:35).

Sesongopning i nydeleg vårver

Det var ei flott opning av årets o sesong med skråliorientering i Sundal i nydeleg vårver.
40 løparar stilte til start og mange stilte begge dagane for å springe fleire løyper.
Det var kjekt å vera i gang igjen og mange likte seg overraskande godt i det bratte terrenget.
 
I A løypa var Svein Buer klart best foran Arve Løyning på ein sterk 2. plass.
Blant damene vart det sekundsstrid mellom Amanda Forstrøm og Karina S. Øyre. Litt uklart kven som eigentleg vann
sidan brikka til Amanda ikkje virka. Fleire av A løparane vart diska då dei stempla på feil siste post.
I C løypa var det Familien Solheim Øyre som var raskast. 
 
I morgon vil Mauranger skule bruka løypene til skuleorientering.


Oddarankinga avslutta
Dei to siste Oddarankingløpene er arrangert dei to siste vekene. Det vart seier i begge løpa til Åshild Oma og gjesteløparen Morten Sundli frå Gandal IL i Sandnes med aner frå Røldal og hytte i Håradalen. På Lontjørn sist veke var Ottar Eide nr 2 knapt 7 minutt bak i ei o-teknisk krevjande løype. På Reinsnos denne veka var Eivind Tokheim knapt 4 minutt bak med Svein Buer halvminuttet bak Eivind. I C-løypa var det forskejllige vinnarar i begge klassar dei to løpene. I samandraget vann Åshild Oma ein klar seier foran Ida Solheim Eide. I herreklassen vann Eivind Tokheim 59 poeng foran Ottar Eide. I C-løypa var dei to ungjentene Ranveig Oma Løyning og Karina Solheim Øyre best, medan Sindre SolheimEide var suveren i guteklassen. Resultata finn de på fanene for resultat og Oddaranking (07.09.17 kl 21:15)

Siste Oddaranking før sommaren
Det siste Oddarankingløpet før sommarferien vart arrangert i løyper frå Odda 2-dagasr i helga. I dameklassen vann Sara Tokheim klart foran Åshild Oma og Britt Kari Legård. I herreklassen vart det reprise frå Oddamesterskapet med seier til Eivind Tokheim foran Ottar Eide og Arve Løyning. I C.løypa var Rannveig Oma Løyning og Anders Seljestad best. I samandraget har Sindre Solheim Eide allereie vunne Oddarankingen i C-løypa. I tilsvarande jenteklasse leiar Rannveig Oma Løyning, men Karian Solheim Øyre harr berre 3 tellande løp og blir ein hard konkurrent. I dameklassen har Åshild Oma tatt leiinga, og deter berre Sara Tokheim som kan vippe ho ned frå førsteplassen. I herreklassen er det fortsat opent. Ottar Eide leiar foran Arrve Løyning, men trioen Eivind Tokheim, Bernt Jarle Storhaug og Øystein Kambestad med 3 løp er med i kampen om 1.plassen. (24.06.17 kl 18:50)

Oddamesterskap i orientering
Marion Ryen og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet i sist veke. Marion var knapt 3 minutt foran Åshild Oma, som igjen var 2,5 minutt foran Sara Tokheim. Eivind var 3,5 minutt foran Ottar Eide, som igjen hadde Arve Løyning 40 sekund bak og Øystein Kambestad 44 sekund bak, i ein hard kamp om 3.plassen. I C-løypa vann dei to unge Karina Solheim Øyre og Sindre Solheim Eide. Vel 30 løparar stilte opp på Seljestad, løypeleggarar var fjorårsvinnarane Britt Kari Legård og Svein Olav Nesheim (23.06.17 kl 20:35)

Oddaranking i Skare
Bernt Jarle Storhaug og Åshild Oma vann det andre rankningløpet som vart arrangert ved Låtevatnet denne veka. Bernt Jarle var nesten 3 minutt foran Ottar Eide, medan Åshild var 5 minutt foran Ida Solheim Eide. I C-løypa var Sindre Solheim Øyre og Rannveig Oma Løyning best. Totalt stilte vel 40 løparar på løpet, med fine løyper i skogsterrenget ved Låtevatnet (31.05.17 kl 22:10)

Microorientering
Treninga denne veka var miiicroorientering i Odda Sentrum. Nybyrjarane hadde vanleg løype, medan A-løypa hadde 7 postar der ein måtte velga rett post i ringen i tråd med postbeskrivelsen. Svein Olav Nesheim var raskast med god fart og alle postar rette. Hos jentene var Marion Ryen best. Totalt var det 39 med på treninga. Resultat under resultatfana (25.05.17 kl 12:50)

Jentene imponerte
Det var jentene som imponerte mest i det siste løpet i Sprintcupen på Eide denne veka. Line Storhaug var raskast av alle, og hadde Marion Ryen 40 sekund bak på 4.beste totaltid. Hos gutane var Ottar Eide best med Arve Løyning 35 sekund bak. I C-løypa var Sindre Solheim Eide og Elise Mannsåker Ølmheim klart raskast i sine klassar. Det var mange arrangementskollisjonar denne veka, men likevel stilte det 54 også på denne treninga. Resultata ligg under resultatfana (11.05.17 kl 13:40)

88 deltakarar på skogssprint i Hovden
Det var svært gledeleg med heile 88 deltakarar på skogssprinten i Hovden denne veka. Det vart full fart og spennande duellar i fleire klassar. Bernt Jarle Storhaug slo Ottar Eide med 25 sekund i A-løypa som hadde hreile 25 postar. Sara Tokheim var best av jentene og hadde 3.beste tid totalt. I C-løypa vann Sinde Solheim Eide eit knapt minutt foran Torbjørn N Hansen. Hilde Crove Engesæter var best av jentene. I nybyrjarløypa var det stor fart blant mange, og det var gledelg med mange debutantar. Resultata ligg under resultatfana (03.05.17 kl 23.:15)

Bingoorientering i Sundal
Denne veka prøvde vi for første gang bingoorientering i Sundal, etter inspirasjon frå treninga i Fitjar i fjor. Ida Solheim Eide debuterte som løypeleggar, og lagde eit flott opplegg med 22 postar der 10 hadde stempling Oppgåva var å stempla på 10 eller 8 postar på raskast tid, noko Ottar Eide og Christian Flatebø klarte best på heimebane. Totalt stilte 53 deltakara opp. Resultata ligg under fana med resultat (27.04.17 kl 08:00)

Sesongstart med 64 løparar
64 løparar stilte i sesongstarten med sprintløp i Odda Sentrum. Løpet er det første i sprint-cupen. Bernt Jarle Storhaug og Line Storhaug var også i år dei to raskaste i gatene, men også gode løp av Sara Tokheim og Ottar Eide på 2.plass. Resultata ligg under fana med resultat. (20.04.17 kl 10:00)

35 løparar med på nattløp

Det vart ei flottt sesongavslutning med nattløp i Eidesåsen denne veka. Heile 35 løparar stilte opp i mørket. Bernt Jarle Storhaug fekk endeleg klaff igjen, og avslutta sesongen med seier på heimebane. I C-løypa var igjen Johannes Solheim Øyre raskast. Resultat ligg under fana resultat.

Ida Solheim Eide og Svein Olav Nesheim vann Oddarankinga

Det vart til slutt Ida Solheim Eide som sikra seg samanlagtseieren hos damene i Oddarankinga.Ho vann også det site løpet foran Kjersti Andersen. Kjersti vart til slutt nr 2, medan fjorårsvinnar Britt Kari Legård måte ta til takke med 3.plassen med berre tre tellande løp. I herreklassen var Svein Olav Nesheim vinnar før siste løp. Eivind Tokheim vann sin tredje seier på rad, og kapra 2.plassen foran Kjetil Rønhovde. Resultata finn de under dei to fanene. 

Spennande avslutning i Oddarankingen

Det går mot ei spennande avslutning av Oddarankinga i sprintløpet på Eide 27. og 28.september. Det er berre herreklassen som er avgjort med seier til Svein Olav Nesheim. I dameklassen leiar no Ida Solheim Eide foran Britt Kari Legård, som berre har 3 løp. I C-løypa for gutar stpår kampen melleom Johannes Solheim Eide som leiar foran Anders Seljestad, med Anders har best utgangspunkt med strykeløp før finalen. I C-løypa for jenter leiar veterannen Randi Tokheim Legård, men svært unge Rannveig Oma Løyning kan dra seieren i land ed eit godt sprintresultat.

Tette duellar i Oddaranking
Det vart spennande i det 5. rankingløpet på Seljestad. I C-løypa vann Johannes Solheim Øyre 4 sekund foran Anders Seljestad- I A-løypa skilde det berre 26 sekund mellom Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim. I jenteklassen var Marion Ryen best i A-løypa og Rannveig Oma Løyning i C-løypa. Resultat ligg under resultatfana

Oppdatert resultat Oddaranking

Resultata frå det 4. Oddarakingløper er no klart. Åshild Oma var best i dameklassen, vel 2,5 minutt foran Kjersti Bjørkevoll. I herreklassen var det svært jevnt med 7 løparar innan 4 minutt. Eivind Tokheim gjekk bomfritt gjennom løypa, og klarte difor å slå dei andre som bomma meir eller mindre på enkelte postar. Resultat ligg på resultatfana. 

Vi er no ferdig med 4 av 6 Oddarankingløp. I damklasen ser det ut til å bli ein klar seier til Britt  Kari Legård. I herreklassen har Svein Olav Nesheim tatt leiinga foran Kjetil Rønhovde, men bak lurer Svein Buer og Eivind Tokheim med berre to løp. Også Ottar Eide kan gå til topps med full klaff i dei to siste løpa. I C-løypa står det mellom  Johannes Solheim Øyre og Anders Seljestad med Arne Hilde som ein mogleg utfordrar. Resultata samanlagt ligg på eiga fane. (05.09.16 kl 21.30)

Svein Olav Nesheim og Britt Kari Legård vann Oddamesterskapet
Det vart klare seirar til Svein Olav Nesheim og Britt Kari Legård i Oddamesterskapet i orientering. Svein Olav vann sitt andre mesterskap, og var nesten 6 minutt foran Bernt Jarle Storhaug, som igjen var halvminuttet foran Kjetil Rønhovde, Britt Kari hadde nest best tid av alle i A-løypa, og var over 22 minutt foran Kjersti Bjørkevoll. Kjersti var berre 11 sekund foran Marion Ryen på 3.plass. I C-løypa vann  Anders Seljestad 2,5 minutt foran Arne Hilde. Resultata finn du her

Oddaranking 2 Fodnastøl

Det vart seier til Svein Buer og Britt Kari Legård då det andre rankingløpet vart arrangert på Fodnastøl 31.mai og 1.juni. Britt Kari var suveren i dameklassen, medan Svein berre var rundt minuttet foran Svein Olav Nesheim og Timo Rantala. I C-løypa var Johannes Solheim Øyre 29 sekund raskare enn Anders Seljestad. Det var totalt med 39 løparar på løpet. Resultatat finn du på resultatfana (01.06.16 kl 21:30)

Sprint-cup 3 i Odda Sentrum
Siste løp i sprintcupen i vår vart arrangert i samarbeid med sponsoren vår Odda Energi i sentrum denne veka. Odda Energi serverte saft og grillpølser etter løpet. Beste løpar i A-løypa denne gangen vart Line Storhaug, som slo beste herreløpar Svein Olav Nesheim med 4 sekund. Kjetil Rønhovde var 41 sekund bak Svein Olav. I C-løypa var Anders Seljestad og Johannes Solheim Øyre dei to beste. Totalt stilte det 74 løparar på løpet. Det vart to fine og varme dagar. Resultatat ligg under resultatfana.

Storaneset 03-04.05.16

I treningsløpet på Storaneset imponerte Bernt Jarle Storhaug og Britt Kari Legård i A-løypa. I C.løypa var Anders Seljestad klart best. Løypa gjekk i terrenget mellom Sjustræ og Sandvinsvatnet, og det vart ein del stigning på slutte i alle løypene. Det var berre 35 deltakar med denne veka. Det er bra å få trening i skogsløyper som kan minne om terreng vi finn i Bergen. Resultata ligg på resultatfana.

Sprintcup i Hovden 26.-27.04.16
Ottar Eide og Britt Kari Legård var suverene vinnarar i det andre løpet i sprint-cupen som vart arrangert i Hovden. I C-løypa var Johannes Solheim og Olav Bondhus dei to beste. Det vart ein del disk i løpet i Hovden, 6 menn og 1 dame klarte ikkje å halda orden på alle postane. Totalt stilte 54 løparar i løpet. Resultatat ligg på fana Resultat 2016.

Treningsløp Sundal 19-20.04.16
Resultata frå treningsløpet i Sundal denne veka er no lagt ut på resultatsida. Svein Olav Nesheim var raskast i A-løypa, men mest imponerte Johannes Solheim Øyre både med 2.plass i A-løypa og klar seiier i C-løypa. Rundt 45 løparar stilte på trening, i tillegg til både barnehage og skule.

Opninsløp Storaneset
Heile 55 løparar stilte opp i duskregnet på nytt kart ved Storaneset ved Sandvinsvatnet. C- og N-løypa gjekk i fint skogs- og stiterreng, medan A-løypa fekk meir utfordringar med mykje opp og ned og tidvis krevjande orientering. Det vart mykje bomming i A-løypa, men bra løp av Svein Buer og Erlend Rosseland og Ottar Eide. Svært hyggeleg med come-back av Erlend, som har flytta heim til Odda.  I dameklassen bomma Åshild Oma minst. Resultata finn du her

Oddaranking 6 på Seljestad
Britt Kari Legård vant det siste Oddarankingløpet på Seljestad denne veka, og tok samtidig seieren i samandraget foran Kjersti Bjørkevoll. Eivind Tokheim drog det lengste strået i ein sekundstrid med Svein Buer og vann med ein margin på 21 sekund. I samandraget vann Svein foran Eivind. I C-klassen var Ida Solheim Eide og Anders Seljestad, medan samanlagtseieren gjekk til Johannes Solheim Øyre og Randi Tokheim Legård. Resultata finn du her (12.09.15-kl 16.15)

Oddaranking 5 ved Reinsnosvatnet
Det vart svært tett i herreklassen då det 5.Oddarankingløpet vart arrangert i mellomdistanseløypene frå Odda 2-dagars- Eivind Tokheim (som fekk lov å springa) var 1.12 foran Svein Buer, og på dellt 3.plass 25 sekund bak følgde Ottar Eide og Øystein Kambestad (som fekk springa for andre gang). I dameklassen var Britt Kari Legård klar vinnar, men god innsats av Ida Solheim Eide som fullførte i den vanskelege løypa. Samanlagt leiar Kjersti Bjørkevoll foran Britt Kari Legård, Britt Kari må slå Kjersti med minimum 6 sekund i siste løp. I herreklassen leiar Eivind Tokheim foran Svein Buer, men Eivind må slå Svei med over 6 minutt i siste løp for å ta samanlagtseieren. I C-klassen vann Ingvald Kristensen foran Øystein Jordal, medan Johannes Solheim Øyre alt har sikra seg samanlagtseieren. Resultata frå Reinsnos finn du her

Oddaranking i Bondhusdalen
Denne veka var det på ny opna nytt og spennande terreng i Bondhusdalen i Mauranger. Svein Buer og Kjersti Bjørkevoll gjekk til topps i a.løypa i løpet som var det fjerde løpet i Oddarankinga. i C-løypa vart det søskenseier til Johannes og Karina Solheim Øyre på heimebane. Totalt stilte det 43 deltakarar i løpet, og vi tar no pause frå treningsløp i sommarferien. Resultata finn du her

Britt Kari Legård og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet
Det vart ein suveren seier til Britt Kari Legård i Oddamesterskapet der ho var over 8 minutt foran Åshild Oma i dameklassen. I herreklassen vart det sekundstrid, då Eivind Tokheim berre slo Svein Olav Nesheim med 21 sekund. Svein Olav starta best, og leia fram til 7.post. Eivind overtok leiinga og var nesten 3 minutt foran på nest siste post. Men eit dårleg vegval av Eivind til siste post gjorde at Svein Olav nesten halte i land seieren. Det var ein fin men o-teknisk krevjande løype, og det vart store differansar grunna mykje bomming i A-løypa. I C-løypa var Johannes Solheim Øyre igjen raskast. Totalt stilte 44 deltakar til start. Resultata finn du her

Oddaranking i Skare
Då kom vi oss endelg ut i skogen i Skare, etter ein seig og lang vinter. Det var fortsatt ein del snø i terrenget, men det gjorde godt å kome ut i skogen. Svein Buer og Kjersti Bjørkevoll vann A-løypa, der det vart ein del bomming på enkelte i ei tidvis krevjande løype. Johannes Solheim Øyre var raskast i C-løypa. Totalt stilte 68 på trening. I N-løypa var det fleire som vart frista til leik i skogen undervegs. Mest imponerte 2 år gamle Ingrid Eitrheim Nondal som gjekk heile løypa på godt under timen. Resultata finn du her

Opningsløp i Sundal
Det vart stor suksess med opning av nytt kart i Sundal. 60 løparar var med opningsdagen, og totalt 73 løparar til saman. Fleire sprang ei ny løype på onsdag. Det vart seier til Åshild Oma og Kjetil Rønhovde. Sara Tokheim sprang inn til ein flott 2.plass, medan Ottar Eide og Jostein Rønhovde var nærmast Kjetil i løypa. I C-løypa var Johnnes Solheim Øyre g Olav Bondhus deiraskaste. Resultata finn du her

Sprintcup 3 -2015
Denne veka vart løp 3 i sprintcupen arrangert i Hovden, med korte løyper og mange postar. Robert Tokheim og Britt Kari Legård vann klart i sine klassar, og var begge over minuttetet foran Bernt Jarle og Line Storhaug. I dameklassen fekk alle dei 10 deltakarane godkjent løp, medan heile 4 av 13 herrer vart diska for å gløyma postar, her må gutane skjerpa seg. Samalagt er Line Storhaug best hos jentene, og i teorien kan berre Kjersti Bjørkevoll slå ho i samandraget. I herreklassen er det Robert Tokheim som har teten før siste løp, og har kamp frå Bernt Jarle Storhaug som berre har 2 løp så langt. Favoritten Svein Buer skusla bort sjansen til samanlagtseier ved å bli diskvaliifisert i Hovden. Resultata finn du her

 Sprintcup 2 - 2015
Sprintcupen fortsatte på Eide denne veka med 43 deltakar, derav 5 debutantar. Det vart mange tette duellar i dei raske sprintløypene på Eide. Svein Buer var 20 sekund foran Robert Tokheim og 30 sekund foran Ingvald Kristensen, som var svært glad for sitt beste løp så langt. I dameklassen var Line Storhaug denne gangen 26 sekund foran Kjersti Bjørkevoll, og Line vart berre slått av 2 gutar. Resultata finn du her


Sprintcup 1 - 2015

Utesesongen i orientering starta denne veka med sprintcup-løp i Odda Sentrum. Som så ofte før gjekk seieren til søskenparet Bernt Jarle og Line Storhaug. Men det var tett i toppen av resultatlista. Arve Løyning var 29 sekund bak vinnaren, medan Kjersti Bjørkevoll var 36 sekund bak Line. Vel 40 løparar stilte opp på det første sprintløpet. Neste veke vert løpet arrangert frå Odda Stadion. Totalt blir det 4 løp i sprintcupen, der dei 3 beste tel i samandraget i Oddarankingen. Resultata frå løpet finn du her.

Samanlagtresultata klar i Oddarankinga
Det vart seier samanlagt til Britt Kari Legård og Svein Buer i A-klassane i Oddarankinga. Sara Tokheim og Eivind Børve følgde nærmast. I C-løypa var det Mauranger som dominerte, Idda Solheim var heilt suveren i jenteklasse, med Johannes Solheim Øyre og Olav Bondhus var klart best i guteklassen.

Årets Oddaranking avslutta med sprint
Årets Oddaranking vart avslutta med sprint i Odda Sentrum denne veka, og det var lite overraskande resultat. Sprinttoppane frå i vår,Bernt Jarle Storhaug og Line Storhaug, slo igjen til når vi kom ned i gatene. I C.løypa var det heller ikkje overraskande at Mauranger-gjengen dominerte med Ida S Eide, Olav Bondhus og Johannes S Øyre gjekk til topps. Det stilte også over 50 totalt under sprinten i Odda.

Svein Buer og Britt Kari Legård vart Oddamestrar
Det vart seier til Svein Buer og Britt Kari Legård i Oddamesterskapet som vart arrangert denne veka.
Britt Kari var berre 12 sekund foran Sara Tokheim, medan Åshild Oma på 3.plass var 4.45 bak.
Svein var suveren i herreklassen, og var over 7 minutt foran Timo Rantala og over10 minutt foran
Bernt Jarle Storhaug på 3.plass. I C-løypa var Line Storhaug suverent best, medan Ingvald Kristensen var raskast hos gutane. Totalt stilte 48 løparar til start i Oddamesterskapet, som gjekk i fint terreng og flott vær ved Reinsnosvatnet (30.08 kl 11.52)
 

Oddaranking 3 på Løyning

Eit nytt fint Oddarankingløp er avvikla denne veka på Løyning med 63 deltakarar. I dameklassen var Britt Kari Legård suveren med ein seiersmargin på  over 10 minutt til Sara Tokheim.
I herreklassen var Eivind Tokheim 42 sekund foran Eivind Børve og 1.05 foran Ottar Eide. I C-løypa var Ingvild Skare Thygesen raskast, medan Andreas Forstrøm hadde comeback og var best blant gutane.
Arve Løyning hadde laga svært gode og fine løyper i det flotte terrenget på Løyning. (05.06.14 kl 19.00)
 

Oddaranking 2 i Skare

Den store oppslutninga heldt fram i Skare denne veka, med totalt 62 deltakarar på det andre løpet i Oddarankinga. Det vart sekundstrid i herreklassen der Eivind Børve slo Svein Buer med 14 sekund,
etter eit avgjerande vegval til siste post. A.løypa til Øystein Kambestad hadde mange gode vegvalsstrekk.
I dameklassen var Britt Kari Legård 1.08 foran Sara Tokheim. I C-løypavar Finn Arve Berget og Jarle Opedal best blant gutane, medan Emilie Solheim Øyre vann klart hos jentene. Imponerande innsats av alle nybyrjarane som kom seg gjennom ei lang, hard og våt nybyrjarløype. Samanlagtresultata i Oddarankinga vert lagt ut seinare i kveld. Resultata frå løpet finn de under fana resultat 2014 (21.05.14 kl 21.45)
 

Stort oppmøte i Eidesåsen

Totalt 66 løparar på trening i Eidesåsen denne veka. Svein Buer var klart best i ei utfordrande A-løype. Jentegjengen Nicoline Buer, Vilde Berget og Helena Wiik Haug var raskast i C-løypa. Resultata finn de under fana Resultat 2014. (14.05.14 kl 22.00)

Resultat 4.sprintløp og sprintkarusell/Oddaranking

Då er resultata frå siste sprintløp i sprintkarusellen lagt ut under Resultat 2014. Samanlagt i Oddarankinga etter sprintkarusellen har Line Storhaug tatt ei suveren leiing i dameklassen med full pott og 1.000 poeng. Kjersti Bjørkevoll og Sara Tokheim følger nærmast. I herreklassen er det svært tett, med delt 1.plass med 980 poeng på Adrian Buer og Bernt Jarle Storhaug. Svein Buer følger på 3.plass berre 9 poeng bak. I C-løypa har Ida Solheim Eide og Johannes Solheim Øyre tatt leiinga i kvar sine klassar. Resultata finn de under fana Oddaranking (24.04.14 kl 21.45)

Resultat frå dei tre første sprintløpa finn du under fana resultat 2014


Robert Tokheim og Kjersti Bjørkevoll til topps i Oddarankinga

Kun 1 poeng skilte mellom Robert Tokheim og Svein Buer i årets Oddaranking, medan Eivind Tokheim følgde på 3..plass 54 poeng bak Robert. I dameklassen var Kjersti Bjørkevoll 102 poeng foran Åshild Oma, I C-klassen vann ungjenta Ida Solheim Eide dameklassen med stor margin til veteranen Jorunn Irene Tokheim. I herreklassen vann til slutt veteranene Jan Reidar Tokheim foran unggutane Ingvald Kristensen, Johannes Solheim Øyre og Olav L Bondhus. Resultata finn du under fana Odda ranking. (26.09.13 kl 00.20)

Finale i Oddarankinga

Finalen i prets Oddaranking vart arrangert i sentrum. Robert Tokheim var 2,19 foran Bjørn Finne, men bak han var det tett. Line Storhaug var 2,53 foran Åshild Oma i dmeklassen. I C.løypa var det svært tette duellar, med Johannes Solheim Øyre og Jorunn Irene Tokheim som klassevinnarar. Bortimot 50 løparar var med på sprintløpet.  Resultata finn du her (26.09.13 kl 00,10)

Oddaranking på Seljestad

Det vart nye seirar til Sara og  Eivind Tokheim i det 5. rankingløpet på Seljestad. Sara vann igjen ein klar seier foran Åshild Oma og Kjersti Bjørkevoll. I herreklassen skilte det vel minuttet ned til Robert Tokheim, medan Svein Buer på 3,plass var knapt 3 minutt bak Eivind. I C-løypa var Ida Solheim Eide best, og slo herrevinnar Jan Reidar Tokheim med 2 minutt. I Oddarankinga kjemper 4 damer om samanlagtseieren, Kjersti kevoll leier før siste løp. I herreklassen kjempar Svein Buer og Robert Tokheim om samanlagtseieren, medan Eivind Tokheim må ta til takke med 3.plass sjølv om han har vunne dei to siste løpa. Resultata frå Oddarankinga finn du her (05 kl 00.10).


Sara og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet

Det vart seier til Sara og Eivind Tokheim i Oddamesterskapet i orientering sist veke. Sara var vel 6 minutt foran Åshild Oma i dameklassen. I herraklassen vart det sekundstrid med berre 5 sekund meivind og Svein Buer. Dei to var over 15 minutt foran Espen Tokheim på 3-plass. I C-løypa var Jon og Kjetil Løken og Jorunn Irene Tokheim dei raskaste i sine klassar. Totalt stilte 48 løparar i Oddamesterskapet- Arve Løyning hadde laga utfordrande og fine løyper i det flotte terrenget på Løyning, og det vart mykje bomming i skråliorienteringa i midten av løypa. Resultata finn du her. Resultata i Oddarankinga er også oppdatert. (03.09.13 kl 00.05)


Oddamesterkskap på Løyning

Vi startar høstsesongen med Oddamesterskap og Oddranking på Løynig ved hytta til Eivind søndag 25.august med start mellom kl 12.00 og 13.30. Parkering ved Løyningsosen, merka med o-postar der de kan parkera. Merka til samlingsplass, 8-10 minutt å gå. Dersom nokon treng båtskyss, ring Eivind på telefon 93 63 65 02 når de kjem. Vi serverer reinsdyrpizza og moltekrem etter løpet, slik at de treng ikkje tenke på søndagsmiddagen. Velkomen til eni hyggeleg dag på Løyning (21.08.13 kl 22.20)


Oddaranking på Lontjørn

Svein Buer og Stine Bjørkevoll var suverene i Oddarankinga på Lontjørn denne veka. Svein var knapt 4 minutt foran Robert Tokheim på 2.plass. Stine var nesten 10 minutt foran Åshild Oma. I C-løypa vann Christian Crovo ein klar seier foran Eric Kerkhof, begge debutantar i C-løypa. På tross av mange kollisjonar med skuleavslutningar stilte 39 løparar totalt, og tirsdag koste alle nybyrjarane seg med grilling i det fine været. Resultata finn du her. (21.06.13 kl 23.20)

Resultat treningsløp i veke 23 og 24

To veker med treningsløp i løypene i Hildalsdalen er unnagjort, og mange har fått prøvd seg i løypene; 44 var med  veke 23 og 26 denne veka. Resultat frå dei ulike løypene finn du her  (12.06.13 kl 23.10)

Resultat og strekktider KM Mellomdistanse

Resultat og strekktider for KM mellomdistanse 02.06.13 er no lagt ut under fana Odda 2-dagars. Best av Oddaløparane i dag var Jostein Skare Thygesen som var under 8 minutt bak vinnaren i H17. (02.06.13 kl 18.25)


Resultat jubileumssprint 01.06.13

Resultat og strekktider for jubileumssprinten i Odda 01.06.13 er no lagt ut under fana Odda 2-dagars. Best av Oddaløparane var Stine Bjørkevoll og Sara Tokheim med 3.og 4.plass i D17 og Adrian Buer med 2.plass i H15-16. (01.06.13 kl 23.22),


Oddaranking i Skare

Årets andre rankingløp vart arrangert i Skare ved Låtevatnet. I herreklassen vart det seier til Bernt Jarle Storhaug foran Svein Olav Nesheim og Robert Tokheim. Jostein Skare Thygesen debuterte i A-løypa med ein sterk 4.plass. I dameklassen vart det eit internt oppgjør i familien Bjørkevoll, der Kjersti denne gang slo dattera Stine med vel 6 minutt, I C.løypa var Jon og Kjetil Løken best 3 sekund foran Jan Reidar Tokheim. Ida Solheim Eide vann jenteklassen. 52 løparar stilte til start i relativt tunge løyper i Skare, Resultata finn du her. (30.05.2013 kl 20.40)


Trekamp i Eidesåsen

Det var gledeleg stor oppslutning om treningsløpeti Eidesåsen denne veka. Heile 72 løparar stilte opp, somer det høgaste talet sidan 2005. Mange nye rekruttar etter rekruttsatsinga og skiskyttarar som stilte opp på trening gav det gode oppmøtet. I 3 kampen var det til slutt Eivind Tokheim som vann samanlagt, etter at han la grunnlaget på 250 meter. Robert Tokheim vann 750 meter og Bjørn Finne 1500 meter. Samalagtresultatet kjem fram ved å summere tidene for 250 m + 750 m/delt på 3 + 1500 m/delt på 6.
Resultata finn du her (22.05.13 kl 23.15)


Vårkarusell 3 2013

Vårkarusellen vart avslutta denne veka i Hovden. Stine Bjørkevoll vant alle 3 løpa, denne gang 2.45 foran Kjersti Bjørkevoll og 3.05 foran Sara Tokheim. Svein Buer slo Robert Tokheim med 1.24, som vann samanlagt foran Svein. 42 deltakarar stilte opp. Resultata finn du her (08.05.13 kl 22.10)


Vårkarusell 2 2013

Det vart nye seirar til Stine Bjørkevoll og Robert Tokheim i den andre vårkarusellen i Eidesdalen. Stine var knapt minuttet foran Sara Tokheim og Kjersti Bjørkevoll. På plassane bak Robert følgde Svein og Adrian Buer. Det var ein del debutantar med denne veka også, og totalt stilte det 48 løparar, Vårkausellen vert avslutta i Hovden tirsdag og onsdag i neste veke . Resultata finn du her (02.05.13 kl 23.25)

Vårkarusell 1 2013

Då er treningssesongen i gang med 1.løp i Vårrrkarusellen. Trass i regnbyer og kaldt vær stilte totalt 52 løparar til starti gateorienteringa på Eide- Nybyrjarane klarte seg godt, men den einaste posten som låg 5 meter frå vegen bak Hovden (50 meter frå post 5)  gav ein del bomming i A-løypa. Ungdommen gjorde det best. Robert Tokheim var 23 sekund foran Adrian Buer, som slo faren Svein med 1 minutt. Jostein Skare Thygesen var igjen berre 13 sekund bak på 4.plass. Stine Bjørkevoll hadde 3.beste totaltid, og var vel minuttet foran Sara Tokheim. Ingvild Skare Thygesen følgde på 3.plass- Resultata fin du her (24.04.13 kl 22.10)

Oddaranking 2012

Oddarankinga 2012 er no avslutta. I dameklassen vart det seier til Stine Bjørkevoll foran Åshild Oma, som kom sterkt på slutten med seier i dei to siste løpa. I herreklassen vann Svein Buer foran Robert Tokheim, som avslutta med seier i siste løp i Hildalsdalen. (23.09.12 kl 20.15)


Oddaranking og 3-kamp

Resultat Oddaranking 5 og 3kamp er no lagt ut på resultatsida. Samanlagt Oddaranking etter 5 løp er lsgt inn på Oddaranking-sida.

Resultat og strekktider søndag er no lagt ut under fana Odda 2-dagars

Resultat lørdag er no lagt ut på fana Odda 2-dagars

Startlister Odda 2.dagars 2012

Startlister til søndag finn du her
Startlister lørdag finn du her


Innbyding og påmelding Odda 2-dagars 2012

Innbyding og påmelding til Odda 2-dagars 2012, 18.og 19.august, finn de på Eventor, terminlistesystemet til Norges Orienteringsforbund.


Eirik og Stine Bjørkevoll vann Oddamesterskapet

Det vart seier til søskenparet Eirik og Stine Bjørkevoll i Oddamesterskapet som vart arrangert 19. og 20.juni. Eirik hadde eit av sine beste løp nokonsinne, og var 2.30 foran Svein Buer. Svein har tatt leiinga etter 4 løp i Oddarankinga, med seier i både 2. og 3.rankingløp. Stine Bjørkevoll kopierte fjorårsseieren, og var nesten 5 minutt foran Kjersti Bjørkevoll. Stine har alt avgjort Oddarankinga med seier i 3 løp på rad. I C-klassen sprang Torjus Hagen Jøsendal godt, og har fått bra sving på orienteringa etter debuten i vår. Anna Jøsendal var best av nybyrjarane. Bjørn Finne hadde laga fine løyper i det flotte terrenget på Seljestad. Resultat frå dei siste løpa finn de på resultatsida, og Oddaranking på denne sida. (10.07.12 kl 22.55).


Svein Buer og Stine Bjørkevoll best i Eidesåsen

Det blei ny seier til Svein Buer på heimebane i Eidesåsen, vel 2 minutt foran Bernt Jarle Storhaug. Bernt Jarle vann med dette løpet også samanlagt i Vårkarusellen, 16 sekund foran Svein Olav Nesheim. Stine Bjørkevoll slo Nina Iren Nesheim med 2,24, og vann dermed også samanlagt 1,05 foran Nina Iren. Totalt stilte 56 løparar i Eidesåsen. Resultat på resultatsida (19.05.12 kl 21.00).
 

Svein Buer og Nina Iren Nesheim vann i den andre Vårkarusellen

Nina Iren Nesheim gjentgok seieren frå første løp, og var denne gangen vel minuttet foran Stine Bjørkevoll i spintløypene i Hovden. Svein Buer var suveren hos gutane og var vel 2 minutt foran Svein Olav Nesheim og Bernt Jarle Storhaug. Eiri Bjørkevoll som vann første løp, vart diska etter eit løp der han også bomma ein del. Det stilte ba med folk i det litt sure været, 45 nybyjarar og 64 løparar totalt. Vårkarusellen vert avslutta ved Eldhuset i Eidesåsen 15. og 16.mai. Resultata finn du på resultatsida (12.05.12.- kl 12.50)

Oddatrimmen er no lagt ut

Oddatrimmen 2012 er no lagt ut, med unntak av 2 postar som blir sett ut innan 1.juni. Kart og deltakarkort kan de få på Tenestetorget, Sport1, Intersport, Shell og Joker Skarsmo.
 

Eirik Bjørkevoll og Nina Iren Nesheim best i første løp i Vårkarusellen

Eirik Bjørkevoll er heime frå studier i Trondheim, og vann ein klar seier i det første løpet i Vårkarusellen
som vart arrangert i Eidesdalen. Han var over 2 minutt foran Svein Olav Nesheim i den 3,1 km lange løypa. På ein sterk 3.plass berre 2 sekund bak følgde 16 år gamle Robert Tokheim, som viste at han har trent godt i vinterr. Hos jentene tok Nina Iren Nesheim første stikk 18 sekund foran Stine Bjørkevoll. Det var gledeleg med over 40 nybyrjarar, der nokon sprang løypa mange gonger, og også begge dagar. Resultata finn du på resultatsida. (05.05.2012 kl 00.30).
 

Stine Bjørkevoll og Svein Buer vann Oddarankinga samanlagt

Stine Bjørkevoll gjekk til topps samanlagt hos jentene i Oddarankinga, og klatra opp frå 2.plass i fjor. Åshild Oma hadde ein sterk høstsesong, og kom til slutt 150 poeng bak Stine. I herreklassen vann Svein Buer 65 poeng foran Eivind Tokheim, medan fjorårsvinnar Svein Olav Nesheim i år måtte ta til takke med 3.plassen 340 poeng bak Svein Buer. Adrian Buer var suveren vinnar i H13-14, og Mika Petäjä gjekk til topps i H15C. Resultata finn du under fana Oddaranking. (29.09.11 kl 19.50).

Stine Bjørkevoll og Svein Olav Nesheim best i sprint

Stine Bjørkevoll var raskast av jentene i sprinten på Eide 1,40 foran Nina Iren Nesheim. Svein Olav Nesheim er fortsatt sprintkongen lokalt, og vann denne gangen med 2,02 på Bernt Jarle Storhaug, som igjen hadde Svein Buer 6 seknd bak. 22 deltakar totalt denne veka. Resultata finn du her. (29.09.11 kl 19.30)

Åshild Oma og Svein Buer vann Oddaranking 6

Åshild Oma avslutta sesongen sterkt og tok ein klar seier i det siste rankingløpet på Korlevoll. Ho var 4.39 foran Stine Bjørkevoll. Svein Buer var igjn best i herreklassen, denne gangen 2.32 foran Daniel Kambestad. Mika Petäjä vann C-løypa. Det var gledeleg med mange nybyrjarar denne veka, og totalt stilte 33 løparar opp i finee løyper som Kjetil Rønhovde hadde ansvaret for. Resultata finn du her. (29.09.11 kl 19.00)

Åshild Oma og Eivind Tokheim vann Oddaranking 5

Det vart klare seirar til Åshild Oma og Eivind Tokheim i det 5. Oddarankingløpet som vart arrangert på Løyning/Torekoven. Det var høljande regn begge dagar, og det vart ein tøff tur for mange i krevjande og harde løyper. I C.løypa vann Mika Petäjä 37 sekund foran nykomaren vår Steinar Jørstad. Totalt var det 28 løparar som stilte opp trass i regnet. Resultata finn du her. (10.09.09 kl 21.15)


Stine Bjørkevoll og Svein Buer vann Oddarankingløp

Stine Bjørkevoll var suveren hos jentene i det 4. Oddarankingløpet som vart arrangert i Hildalsdalen, og var over 11 minutt foran Åshild Oma. Stine vart berre slått av dei 3 beste herrene. Svein Buer viste stor form og var nesten 4 minutt foran Svein Olav Nesheim og 4 minutt foran Eivind Tokheim. Alle desse sprang nær bomfritt gjennom løypa. Ørjan Angell var best i H15 C, og det stilte opp 9 nybyrjarar. Dei som sprang tirsdag hadde nydeleg vær, medan regnet fossa ned onsdagLøypeleggar var Bjørn Finne, som hadde laga ei utfordrande løype i flott terreng.. I Oddarankinga har Stine eit solid grep om seieren i dameklassen. I herreklassen leiar fortsatt Kjetil Rønhovde, men Svein Buer er like bak med berre 3 løp så langt. Men han har fortsatt kamp frå Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim om samanlagtseieren. Resultata frå løpet finn du her. (25.08.11 kl 08.00)
 

Espen og Stine Bjørkevoll vann Oddamesterskapet

Det vart seier til Espen og Stine Bjørkevoll i Oddamesterskapet i orientering denne veka. I dameklassen vart det skikkeleg sekundstrid. Stine var berre 16 sekund foran Åshild Oma og 27 sekund foran Nina Iren Nesheim. Espen var 2.09 foran Eivind Tokheim, som på si side var berre 8 sekund foran Eirik Bjørkevoll. Adrian Buer var suveren i H13-14. I Oddarankinga har Stine Bjørkevoll Bjørkevoll tatt ei suveren leiing i dameklassen, men Nina Iren Nesheim har berre 2 løp og kan gje Stine hard kamp om samanlagtseieren. I herreklassen har Kjetil Rønhovde tatt teten 11 poeng foran Robert Tokheim. Kampen om samanlagtseieren vil nok stå mellom Eivind Tokheim (1926), Svein Buer (1911) og Svein Olav Nesheim (1905). Resultata finn du her (17.06.11 kl 20.55)


Ein-mannsstafett på Fodnastøl

38 deltakarar stilte opp på trening denne veka på Fodnastøl der vi hadde nybyrjarløype og ein-mannsstafett. Svein Buer vann 2 av sløyfene og samanlagt 22 sekund foran Espen Bjørkevoll, som også vann 2 av sløyfene. Eivind Børve hadde delt seier i ei sløyfe. Stine Bjørkevoll var igjen suveren hos jentene, og hadde som beste enkeltresultat 3.plass blan alle i A-sløyfa. Resultata finn du her. (10.06.11 kl 22.50).


Oddaranking 2 i Skare

Det vart seier til Stine Bjørkevoll og Svein Buer då det andre Oddarankingløpet vart arrangert i Skare denne veka. Stine vart berre slått av 3 løparar i herreklassen. Dei to har også overtatt leiinga i Oddarankinga etter 2 løp. Det var flotte løyper, men svært vått i terrenget med alt regnet den siste tida. Totalt stilte 40 løparar opp. Resultatat finn du her  (02.06.11 kl 17.10)

Resultat langdistanse Odda 2-dagars 2011

Resultat og strekktider er no lagt ut under fana Odda 2-dagars. Vi beklager feilen med feil kodar i løype 5-8. Vi vil foreslå for kretsen at rankingløpet i klasse D13-14 og H13-14 vert bestemt ut frå resultata etter 6.post, siste post før feilen. Resultatlista der er:
D13-14:
1. Ingunn Rognsvåg, Fana IL, 23.20
2. Kårhild Husby Nordstad, Varegg, 23.45
3. Ingrid Vrålstad Løvås, Varegg, 24.48
4. Vilde Skagee, Gneist, 27.02
5. Gunnhild Stuland Tysvær, Varegg, 27.07
6. Marte Mjeldheim Sandvoll, Gneist, 27.13
7. Line Laurantsen, Gneist, 29.26
8. Sigrid Søvik, Gneist, 37.07
9. Ida J Aadland, Samnanger, 77.33
H13-14:
1. Sondre Damm, Viking, 20.07
2. Øyvind Johannessen, Gneist, 25.05
3. Adrian Buer, Odda, 30.06
4. Styrk Almeland Bleie, Varegg, 30.10
5. Markus Kjærner-Semb, Varegg, 33.12
6. Brage Løver Hovden, Stord, 37.18


Resultatlister Odda 2-dagars 2011

Resultatliste lørdag er no lagt ut. (21.05.11.kl 19.00)


Startlister Odda 2-dagars 2011

Startlistene til Odda 2-dagars er no lagt ut på nettet under fana Odda 2-dagars (21.05.11.kl 08.50)


Samanlagtresultat i Vår-karusellen

Samanlagtresultatet i Vårkarusellen kan de finn som poengfordeling under Oddaranking. Totalt stilte det opp 102 løparar i karusellen, av desse 72 i nybyrjarklassen. Vi er godt nøgde med denne oppslutninga, som har vore ein fin oppsving etter den negative trenden dei siste åra. Utfordringa no blir å fåflest mogleg med vidare på treningsløp. (12.05.11 kl 12.12)


Resultat Vår-karusell 3

Vår-karusellen vart avslutta i Hovden med løp tirsdag og onsdag. Løypene i Hovden vart meir utfordrande enn i gatene i dei to første løpa. God oppslutning også denne veka med totalt 69 deltakarar. Også denne vka var det med 36 unge nybyrjarar, der 3 var debutantar. I dei vaksne klassane vart det ny seier til Nina Iren Nesheim hos damene, medan Eivind Børve tok ein overraskande seier hos herrene. I samandraget vart det seier til Nina Iren Nesheim og Svein Olav Nesheim. Resultat frå løp 3 finn du her. (12.05.11 - kl 00.45)


Resultat Vår-karusell 2

Den positive trenden i starten av treningssesongen heldt fram i Eidesdalen denne veka, og det stilte totalt 70 løparar til start denne veka. Denne veka var det med 36 unge nybyrjarar, og 11 av desse var debutantar. Vinnarar i dei vaksne klassane vart Nina Iren o Svein Olav Nesheim, som bokstavleg talt stilte på heimebane i Eidesdalen. Vår-karusellen vert avslutta i Hovden tirsdag 10. o onsdag 11.mai. Fullstendig resultatliste finn du her. (04.05.11.- kl 22.50)


Resultat Vår-karusell 1

Det vart ein positiv start på treninssesongen med 58 deltakarar i første løp i vår-karusellen. Vi fekk med 29 unge nybyrjarar, der heile 19 var med for første gang. Løypene gjekk på Eide i området mellom Odda Stadion og austover, og det var stort sett gateorientering i dette løpet. Vinnarar i dei vaksne klassane vart Stine Bjørkevoll og Svein Olav Nesheim. Fullstendig resultatliste finn du her. (28.04.11 - kl 23.50)


Vår-karusell startar 27.april

Vi startar opp treningssesongen med Vår-karusell i sprintorientering i 3 veker. 27. og 28.april er det løp ved Odda Stadion, 3. og 4.mai ved leikeplassen i Eidesdalen og 10. og 11.mai finale i Hovden. Dei tre løpa blir det første løpet i Oddarankinga 2011. Seier i enkeltløp gir 300 poeng, og i tillegg får alle som fullfører alle 3 løpa 100 poeng ekstra. Vi inviterer spesielt nybyrjarar til denne karusellen, og set dei i fokus mellom kl 18.00 og 19.00. Lista over treningsløpa i 2011 er no lagt ut (25.04.11 kl 22.30)

Trening i vinter

Vi har fellestrening kvar onsdag, frammøte ved parkeringsplass Oddahallen kl 18.15 for felles joggetur/oppvarming. Sirkeltrening i Oddahallen frå kl 19.00. Oddarankingresultata er no lagt ut.  (11.11.10 kl 20.55)


Oddaranking og nattløp

Her kjem endeleg resultata frå det siste Oddarankingløpet og nattløpet i Eidesåsen. Bernt Jarle Storhaug avslutta sesongen sterkt med seier i både det siste rankingløpet og i nattløpet, og han sikra seg også 2.plassen i Oddarankinga bak Svein Olav Nesheim. Så no har endeleg ungdomane på 38 og 40 år sett gamlefar på 52 år på plass. Hos jentene står det heldigvis betre til med Sara Tokheim på 18 og Stine Bjørkevoll på 16 som dei to beste i Oddarankinga. Resultat frå dei siste treningsløpa finn du her, og samanlagtresultata ligg på Odda-ranking-sida frå torsdag 21.oktober. (19.10.10 kl 23.55)


Strekktider Odda 2-dagars

Strekktidene er no lagt ut på Odda 2-dagars for lørdagens løp


Resultat Individuelt søndag

Resultat for søndagens individuell løp finn du her (06.09.10 kl 09.50)


Resultater KM Stafett

Resultata er no lagt ut på stfetten med etappetider for dei enkelte løparane. Resultata finn du her (05.09.10 kl 23.50)

Resultater KM Langdistanse

Resultatliste er no lagt ut her. Strekktider kjem seinare. (04.09.10 kl 19.30)


Startlister KM Langdistanse

Startlistene til Odda 2-dagars, KM langdistanse er no lagt ut. Du finn dei her (03.09.10 - 23.10)


Oddaranking i Løyningsdalen

Svein Olav Nesheim vann Oddrankingløpet i Løyningsdalen 25 sekund foran Eivind Tokheim, og sikra seg samtidig samanlagtseieren i Oddaranking. Daniel Kambestad fekk ein sterk 3.plass vel 4 minutt bak Svein Olav. I dameklassen skilde det kanpt eit minutt mellom Sara Tokheim og Stine Bjørkevoll, der begge jentene hadde ein del bommar undervegs. I Oddarankingen leier Sara foran Stine i samandraget, men endeleg resultat blir først avgjort i siste løp. 27 løparar stilte opp i dette løpet. Det var vått og tungt i myrane etter regnet i det siste. Resultat finn du her. (25.08.10)

Odda 2-dagars 2010

Innbyding og link til påmelding er no lagt ut, du finn dette under fana Odda 2-dagars. (05.08.10)

Oddaranking etter 4 løp

Resultata i Oddarankinge etter 4 løp finn du no på linken til Oddaranking. I dameklassen leier Sara klart, men Stine med berre 3 løp er ein klar utfordrar til samanlagtseieren. Det er berre desse 2 som ka vinna samanlagt. I herreklassen er Svein Olav i suveren leiing, men Eivind med berre 2 løp har fortsatt teoretisk sjanse til å ta han att. Robert har alt vunne H13-14 med full pott. I D15kort er det hard kamp mellom Kjersti A og Jorunn Irene, i H15 kort vil Per Magne Eikeland vinne samanlagt. 

Nytt medlem i Odda O-lag

Åshild Oma og Arve Løyning fekk ein gut torsdag kveld 17.juni. Vi gratulerer dei to og storesøster Rannveig, og håper at Rannveig og veslebroren arvar o-teknikken til mora og kondisen til faren (og ikkje omvendt). (19.06.10).

Stine Bjørkevoll og Svein Buer vann Oddamesterskapet

Det vart seier til Stine Bjørkevoll og Svein Buer i Oddamesterskapet denne veka. Stine var vel 3 minutt foran Sara Tokheim, og desse to ungjentene vart berre slått av to herreløparane. Svein Buer var vel 2 minutt foran Svein Olav Nesheim. Robert Tokheim leverte eit flott løp i H13-14, og vart kun slått av 3 hereløparar. I den korte A.løypa var Per Magne Eikeland klar vinnar. Totalt stilte 35 løparar opp i Oddamesterskapet. Løpet gjekk på Reinsnos, i o-teknisk krevjande terreng. Resultatat finn du  her. (16.06.10).

Klart for Oddamesterskap i orientering

Tirsdag 15. og onsdag 16.juni er det klart for siste trening før sommarferien med Oddamesterskap på Reinsnos. Samlingsplass vert der bekken frå Fisketjørn kryssar vegn, ca 1 km før parkeringsplassen ved Reinsnosvatnet. Vi tar med eingangsgrillar og fyrer opp desse. Ta med mat og drikke og få ei kosleg avslutning av vårtreningane. Tur-orienteringa er lagt ut, og er til sals hos Vine Sport og Joker Skarsmo. Vi vil også legg ut treninsløyper som skal ligge ute i sommar, kjem tilbake med melding når desse er klare.

Mikro-trening i Hildalsdalen

Erling Forstrøm hadde laga flotte løyper til Mikro-treninga i Hildalsdalen. På 8 av posane var det 2-3 valg for å ta den rette posten, og 3-4 klarte alle desse postane. For dei som tok feil post, vart det 2 minutt tillegg i tida. Stine Bjørkevoll var best av jentene og Eivind Tokheim var best av gutane. Resultata finn du her. (12.06.10)

Oddaranking på Korlevoll

Svein Olav Nesheim og Sara Tokheim vann klart då det tredje Oddarankingløpet vart arrangert på Korlevoll denne veka, Svein Olav var vel 5 minutt foran Eivind Tokheim, medan Sara var over 9 minutt foran Stine Bjørkevoll. Det var fine, men lenger løyper enn planlagt denne veka, men Svein Olav med kilometertid på litt over 8 minutt gjennomførte utan bom. I den korte A-løypa var Per Magne Eikeland og Jorunn Irene Tokheim raskast, men også Robert Tokheim hadde eit godt gjennomført løp i H13-14. I nybyrjarløypa var det eigjen bra deltaking, og klart raskast var Kristine Teigen Øyre. Resultat Oddaranking finn du ytlagt på den sida, og resultatet for løpet finn du her. (03.06.10)

Ein-mannsstafett på Seljestad

Det vart ei kald oppleving onsdag då snøen lava ned påslutten av treninga onsdag kveld. Tirsdag var dei heldigare med været. Det var flotte sløyfer som Bjørn Finne hadde laga i det flotte terrenget på Seljestad. Svein Olav Nesheim var best i alle 4 sløyfene, medan Stine Bjørkevoll nok ein gong var beste jente samanlagt. Totalt stilte 40 løparar på treninga denne veka (27.05.10). Resultat finn du her

Pinseløp på Kongsberg

Odda O-lag stiller 16 løparar på pinseløpa i Kongsberg. Lørdagens løp var mellomdistanse, med ein del brukbare resultat av Oddaløparane. Sara Tokheim vart nr 9 i D17-20, knapt 6 minutt bak vinnaren. Stine Bjørkevoll vart nr 17 i d15-16, ca 7,5 minutt bak vinnaren. Robert Tokheim vart nr 27 i H13-14, knapt 14 minutt bak vinnaren. Eks-Odda/Røldal-løpar Gerd Inger (Legård) Brunborg vann D17AK, der Nina Iren Nesheim vart nr 12, 9 minutt bak. Fullstendig resultatliste finn du her (22.05.10)

Trening 18.-19.mai

Treninga denne veka fekk flott vær og bra oppmøte. Totalt stilte 51 løparar på trening. I A-løypa sprang vi på kart der det manglar ein del detaljar, kurvekart med ein del tillegg. Økta var laga av Jørn Woldsdal i samrbeid med Sara som la ut postane. Dette var ei flott løype som gav fine utfordringar til å trena på kurveorientering. Det var mange som sprang både C-løypa og N-løypa denne veka. Neste veke blir det 1-manns-stafett på Seljestad, frammøte ved brushytta.  (19.05.10).


Stine Bjørkevoll med KM-gull og seier i Oddranking

Stine Bjørkevoll vann gullmedalje i KM mellomdistanse søndag i Bergen. Ho var 4 minutt foran nr 2. Ho følgde opp den gode innsatsen med klar seier i det andre Oddarankingløpet denne veka, 5,29 foran Sara Tokheim. Dei to ungjentene vart berre slått av Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim i langløypa. I kortløypa var Per Magne Eikeland raskast , 3 minutt foran vinnar i H13-14, Robert Tokheim. Elisabeth Eitrheim var best av jentene. Totalt stilte 38 deltakarar på Løyning. Arve Løyning hadde lagd krevjande løyper i dei to lengste løypene, som førte til ein del bomming. (13.05.10). Resultat finn du her.

3-kamp på Lontjørn

Det vart arrangert 3-kamp på Lontjørn Skistadion denne veka med 250, 750 og 1500 meter. Samanlagt
blir tidene på 750 og 15oo m gjort om til 250 m-tider. Nina Iren Nesheim var heilt suverne hos jentene,
og hadde i tillegg best tid av alle på 1500 meter. Eivind Tokheim vann samanlagt hos gutane, og var i
tillegg best på dei to kortaste løypene. Totalt stilte 43 løparar til start, derav 22 nybyjarar (05.05.10).
Klikk her for resultat

Treningsløp i Eidesåsen

Det var gledeleg oppsving i deltakinga itreningsløpet i Eidesåen, då det stilte 52 deltakarar til start, der halvparten var nybyrjarar. Per Magne Eikeland og Bernt Jarle Storhaug debuterte som løypeleggar, og kom bra frå debuten med fine løyper i tøft terreng. Det var totalt 240 meter samla stigning i A-løypa. Veteranane dominerte hos herreløparane, medan Stine Bjørkevoll var klart raskast av jentene (28.04.10). Klikk her for resultat


Sprintcup på Eide

Sprintcupen vart avslutta med løp på Eide torsdag kveld. Det vart tett i toppen av lista med Erlend Nesheim 14 sekund foran Svein Olav Nesheim og med Bernt Jarle Storhaug berre 10 sekund etter Svein Olav. Amanda Forstrøm var klart raskast av jentene. Samanlagt i Oddarankinga vart det seier til Robert Tokheim i H13-14, Amanda Forstrøm i D15, Jorunn Irene Tokheim i D15K og Svein Olav Nesheim i H17. Totalt stilte 38 løparar i det siste sprintløpet, der Mauranger stilte ein delegasjon på 12 løparar (derav 6 debutantar) (22.04.10). Klikk her for resultat

Sprintcup i Eidesdalen

Andre løp i sprintcupen vart arrangert i Eidesdalen tirsdag ettermiddag. Svein Olav Nesheim var igjen den raskaste foran sonen Erlend. Bernt Jarle Storhaug var 7 sekund bar Erlend, og på 4.plass totalt var Nina Iren Nesheim som beste dameløpar. I samandraget er Svein Olav i suverne leiing over 6,5 minutt foran Jostein Rønhovde. Amanda Forstrøm er besdte jente i samandraget, og er totalt nest best av alle etter 2 løp. Nina Iren Nesheim er over 3 minutt bak Amanda etter 2 løp. Totalt stilte det berre 24 løparar torsdag (20.04.10). Klikk her for resultat


Sprintcup i Hovden

Første løp i sprintcupen vart arrangert i Hovden torsdag ettermiddag. Svein Olav Nesheim har tatt teten i samandraget 35 sekund føre Svein Buer etter 3 korte løyper på ca 400 meter. Det var berre desse to som slo beste dameløpar Amanda Forstrøm, som var 1 minutt og 39 sekund betre samanlagt enn Stine Bjørkevoll. Totalt stilte 35 løparar opp i det første treningsløpet for sesongen (15.04.10). Klikk her for resultat

Resultat treningsløp Lontjørn veke 38 og Eide veke 39
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Resultat Oddaranking 6 og samanlagt
(09.09.09)
Se resultatbørs og Oddaranking 2009

Ungdommen revansjerte seg
Ungdomane revansjerte seg etter veteranseirar i Oddamesterskapet. 16 år gamle Daniel Kambestad var raskast samanlagt i ein-manns-stafetten på Korlevoll 9 sekund foran Svein Olav Nesheim og med Bernt Jarle Storhaug på 3.plass 1,07 bak. Hos jentene var 15 år gamle Stine Bjørkevoll raskast med Åshild Oma 1,11 bak. 3 av løparane glømde å¨starte brikka, og fekk ikkje registrert tid. 

I enkeltløypene fordelte 4 løpararar løypeseierane; Eivind Tokheim i A, Sondre Rullestad i B, Svein Olav Nesheim i C og Daniel Kambestad  i D. Løparane hadde regn begge dagar, og det var tunge og våte myrar. 11 nybyrjarar stilte opp, totalt var det 36 med på treninga.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Hildegunn Espe og Eivind Tokheim vann Oddamesterskapet

 (26.08.2009)

Image of 675437Det vart seier til Hildegunn Espe og Eivind Tokheim i Oddamesterskapet i orientering. Begge fekk sitt tredje napp i Odda Energi sin vandrepokal, og vann dermed denne til odel og eige.


Amanda Forstrøm vart nr 2 i dameklassen, 3.30 bak Hildegunn, med Kjersti Bjørkevoll på 3.plass og vinnar i D15-16 Stine Bjørkevoll med dagens 4.beste tid i dameløypa. I herreklassen skilde det 6.20 ned til Arve Løyning, med Sondre Rullestad 34 sekund bak. Erlend Nesheim vann H15-16 og Robert Tokheim vann H13-14. 


I C-løypa vann Ragnar Byrkjenes herreklassen foran Per Magne Eikeland, medan Hannah Nesheim var klart raskast av jentene i løypa. Oddamesterskapet samla totalt 56 løparar, og vart arrngert på Seljestad i området mellom Korlevoll og Haugsnut.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Resultat og strekktider Odda 2-dagars, se meny til venstre.

Resultat og strekktider NM lagt ut på NM-sida

Startlister Odda 2-dagars er lagt ut, se meny til venstre

Startlister til NM er lagt ut, klikk på NM sida
(27.07.2009)

Innbyding Odda 2-dagars er no lagt ut, se meny til venstre.


Sport 8 på NM/Odda 2-dagars
(22.07.09)
Sport8 vil vera til stades på samlingsplass med sal både lørdag 1.august og søndag 2.august  

Image of 663842  Innbyding til NM Ultra
      Innbydinga til NM Ultralang er klar.
      Klikk på bilete for å opne link til PDF-fil!

      English version/Invitation Ultra Long

Samanlagtresultat Sørlandsgaloppen
(13.07.09) 
Det vart fleire gode samanlagtplasseringar på Oddaløparane i Sørlandsgaloppen. I a-klassane vart det 3.plass til Espen Bjørkevoll i H19-20AL,4.plass til Stine Bjørkevoll i D15 og 6.plass til Sara Tokheim i D17-18AL og Eivind Tokheim i H50. Vidare gjentok Kjersti Bjørkevoll 2.plassen frå i fjor i D45AK, medan Einar Opedal gjekk til topps i H17N. I tillegg hadde Morten Opedal ein dagsseier i H13-16N. Totalt stilte rundt 1.000 deltakarar opp i galoppen, som i år vart arragert i området Tønsberg, Tjøme og Stokke i Vestfold.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen  

Sara Tokheim med god sprint
(08.07.09) 

Sara Tokheim fekk klaff i sprintorienteringa 3.dag i Sørlandsgaloppen, og sprang inn til ein oppmuntrande 6.plass i D7-18 AL, vel 4 minutt bak vinnaren. Espen Bjørkevoll tok ein ny 3.plass i H19-20AL. Generelt gjekk det bra med dei fleste Odda-løparane i sprint-løypene som gjekk ved Melsom i Stokke.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen 

Espen Bjørkevoll nr 3 i Sørlandsgaloppen
(06.07.09)
Espen Bjørkevoll vart nr 3 i H19-20AL i det andre løpet i Sørlandsgaloppen, medan søster Stine Bjørkevoll vart nr 5 i D15. Eivind Tokheim fekk same plassering i H50.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen 

Kjersti Bjørkevoll nr 2 i Sørlandsgaloppen
(05.07.09)
Kjersti Bjørkevoll vart nr 2 i D45K i første løp i Sørlandsgaloppen, og følgde dermed opp den fine innsatsen frå i fjor. Einar Opedal debuterte i o-løypa med eit bra løp i nybyrjarløypa, men var diverre åleine i klassen. Juniorløparane frå Odda sleit i ukjent Vestfoldterreng, men håper på bedre innsats på mellomdistanse og sprint dei to neste dagane.
For lokale resultatliste - se Resultatbørsen

Oddaranking 4 på Løyning
(18.06.09)
17 år gamle Amanda Forstrøm og 15 år gamle Stine Bjørkevoll var i ein klasse for seg i dameklassen då det fjerde Oddarankingløpet vart arrangert på Løyning denne veka.
I herreklassen vart det igjen veteranane Eivind Tokheim og Svein Olav Nesheim som var best, men Sondre Rullestad følgde like bak etter eit godt løp i det fine terrenget på Løyning.
 

Ungdomane tok nesten full pott i kampen mot fedrene i dei interne familikampane denne veka. Det var berre Svein Olav Nesheim av fedrene som klarte å halda ungdomen i huset bak seg, medan Erling Forstrøm vart slått av dottera men slo sonen med eit knapt minutt.
I C-løypa var Per Magne Eikeland igjen den raskaste. Totalt stilte 50 deltakarar i løpet på Løyning.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Mikrotrening i Hildalsdalen
(11.06.09)
Amanda og Erling Forstrøm hadde laga til kjempeflotte Mikroløyper i det flotte terrenget rundt Hildasstølen. Espen Bjørkevoll viste gryande NM-form med klart raskast tid og berre 1 feilstempling. Det vart gitt 2 tillegsminutt i tida for kvar feilstempling. Kjersti Bjørkevoll var raskaste jente. Kjetil Rønhovde og Eivind Tokheim var dei to einaste som kom seg gjennom løypa utan feilstempling.

For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Ein-mannstafett Reinsnos
(11.06.09)

I ein-mannstafetten ved Reinsnosvatnet var Svein Olav Nesheim raskast i 3 av løypene, medan Ottar Eide var raskast i den 4.løypa. Samanlagt var Eivind Tokheim raskast. Kjersti Bjørkevoll var raskaste jente i 2 av løypene og samanlagt, medan Elisabeth Eitrheim og Hannah og Nina Nesheim var raskast i kvar si løype. Daniel og Øystein Kambestad hadde laga utfordrande løyper i haugen nord for parkeringsplassen.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen  

Oddaranking på Løyning
(06.06.2009)
Det vart veteranseirar til Hildegunn Espe og Eivind Tokheim i det tredje Oddarankingsløpet som vart arrangert frå Torekoven på Løyning veka før pinse. Hildegunn var 37 sekund før Amanda Forstrøm, medan Svein Olav Nesheim tok sin tredje 2.plass 2.24 bak Eivind. Sondre Rullestad følgde på ein fin 3.plass. I C-løypa var Per Magne Eikeland den raskaste, medan Sigurd Finne var raskast i nybyrjarløype. Det var imponerande deltaking med 50 løparar totalt i det sure og kalde været med både regn og snø.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen 

Åshild Oma vann i Kongsberg 
Åshild Oma gjekk til topps i D17C første dag i pinseløpet i Kongsberg. For dei andre Oddaløparane vart det vekslande resultat. Arve Løyning vart nr 14 i H17AK, medan Amanda Forstrøm vart nr 25 i D17-18. Vidare vart Erlend Nesheim nr 37 i H15-16. Totalt stilte nesten 1200 løparar til start i det flotte sommarværet Pinseaften. For fullstendig resultatliste, se hos arrangøren Kongsberg OL  

3-kamp i Hildalsdalen
(Torsdag 21.05.09)
Oda Gjerde Tyssebotn og Svein Olav Nesheim var dei to beste i 3-kampen i Hildalsdalen denne veka. Oda var 8 sekund foran Hildegunn Espe samanlagt, medan Jostein Rønhovde var 39 sekund bak Svein Olav. I enkeltløypene vart det seier til Jakob Vintertun på 250 meter, Bernt Jarle Storhaug på 750 meter og Svein Olav Nesheim på 1500 meter.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen

Oddaranking på Fodnastøl
Fjorårsvinnarane Amanda Forstrøm og Eivind Tokheim gjekk til topps i det andre Oddarankingløpet i orientering som vart arrangert på Fodnastøl. I dameklassen dominerte ungdomsløparane med Sara Tokheim og Stine Bjørkevoll på dei to neste plassane.
I herreklassen var det tett i teten med under 1 minutt bak til Svein Olav Nesheim, medan vinnaren i første løp Erlend Nesheim vart nr 3.
I C-løypa var Ottar Eide og Per Magne Eikeland raskast i herreklassen, medan Ingebjørg M Brekke var raskaste jente. I nybyrjarløypa var Øystein Halldorsson den raskaste. Total stilte 57 løparar til start i det flotte terrenget på Fodnastøl.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen!

Erlend Nesheim vann Sprint-cup
15 år gamle Erlend Nesheim sikra seg samanlagtseiren etter 3 dagar med sprint-orientering på Eide/Eidesdalen/Hovden. Han hadde hardast konkurranse frå faren Svein Olav Nesheim, som berre var 23 sekund bak totalt. Han var igjen 50 sekund foran Bjørn Finne. Nina Iren Nesheim gjorde familietriumfen komplett, og vann dameklassen nesten 4 minutt foran Amanda Forstrøm. Sara Tokheim fekk 3.plass i dameklassen. I dei yngre klassane imponerte 12 år gamle Adrian Buer med ei god tid (han sprang same løypene som dei vaksne). Samalagtresultatet er også det første løpet i Oddarankinga. Totalt 57 løparar stilte opp i minst eitt av dei tre sprintløpa.
For komplett resultatliste - se Resultatbørsen! 
 
Image of 663843